Per Arne Glorvigen
Denne mannen er stjernen over alle stjerner av norske tangomusikere. Han har en internasjonal erkjennelse som ingen annen kommer i nær. Les gjerne en anmeldelse vi har av en av hans plater.

Tangueros del Norte
Dette er et orquesta típica som mest spiller konsert-tango. Vi har hatt privilegiet å danse til deres musikk, og det var en vanvittig intens og suggererende opplevelse. Musikerne er unge, virtuose og sultne på å uttrykke. Resultatet blir anmerkningsverdig godt.

Britt-Synnøve Johansen
Johansen synger egentlig mest i Piaf-stil, men hennes siste plate, Skyt meg med tre roser – tango på norsk, er som tittelen sier en tangoplate. For oss i Europa er tango mer eller mindre entydig med dansen. Slik er det ikke i argentineres hjerter. Der er musikken uløselig knyttet til de svulstige tekstene om kjærlighet, svek, drømmer og lidelse, som de synger med så inderlig innlevelse at vi ikke kan annet enn å tro på dem. Hvis slik musikk ikke synges vanvittig bra blir det bare patetisk. Johansens plate er glimrende god, og nettopp derfor lykkes hun i å oversette en del av argentinsk kultur som ellers er gjemt for oss.

Combo Tango
Bandet har spilt inn noen herlige cd’er, og den siste av disse er sammen med Britt-Synnøve Johansen.

Electrocutango
Dette elektrotangobandet har vunnet Edvard-prisen og de spilte i den vanvittig fantastiske forestillingen TanGhost på Nasjonalteateret 2004.

Tango for 3
Band med Per Arne Glorvigen, Sverre Indris Joner, Odd Hannisdal og Steinar Haugerud.

Sveinung Lillebjerka
Dette er en mann som har mange tangoprosjekter på gang. Han spiller i bandet Glød sammen med bl.a. hans datter Valeria, og de er i ferd med å gi ut en cd. Dessuten spiller han i en trio med Per Arne Glorvigen og bassist Arnulf Ballhorn, og han har mange andre små og store prosjekter. Han mangler hjemmeside. Her kan du lese en anmeldelse vi har skrevet om Lillebjerka og Glorvigens plate Virgin and Whore.

Valeria Neira Lillebjerka
Det er fristende å kalle henne ung og lovende, men hun har allerede innfridd løftene. Dette er en glimrende ung bandoneonist som vi har hatt gleden å arbeide med. Sjekk ut platen Valeria – Street Tango eller hør musikken og se oss danse her.

Etter at vi skrev denne listen fikk vi et minst sagt omfattende mail fra Øyvind Aspenes Robak. Her er hans tillegg til vår oversikt. Norge er minst sagt et rikt land på tangomusikere!

Enkeltpersoner

Kåre Jostein Simonsen: Bandoneonist. Fyrste i Noreg til å starte organisert undervisning på bandoneón. Han har mellom anna vore lærar til alle bandoneonistane i Tangueros del Norte, og det var han som starta Tangueros del Norte. Han spelar i Cholo Tangotrio, Quinteto Nidaros og har tidlegare mellom anna spelt i Tango Concertino.

Andreas Rokseth: Bandoneonist, særs begava, med utspring i Tangueros del Norte. Byrja med Kåre Jostein Simonsen som lærar, og har seinare studert ved Norges Musikkhøgskole (NMH) med Per Arne Glorvigen som lærar. Under desse studia hadde han eit halvt års utvekslingsopphald i Argentina (Buenos Aires) der han fekk undervisning av fleire av dei store bandoneonnestorane. Han spelar mellom anna i Tango Ensillado i tillegg til ein tangoduo med systera Julie Rokseth på harpe. Han skal sannsynlegvis ein ny runde til Argentina om ikkje så lenge.

Øyvind Aspenes Robak: Bandoneonist og fiolinist med utspring i Tangueros del Norte. (I Tangueros del Norte spelar eg begge instrumenta, og i dei andre gruppene spelar eg kun bandoneón, så innan tangoen er eg fyrst og fremst bandoneonist, og skriv derfor om det som har med meg som bandoneonist å gjere i denne oversikta). Tangointeressa mi starta for fullt i 2000 då eg budde i San José, fødebyen til Francisco Canaro i Uruguay. Studerte så bandoneón på musikkonservatoriet i Trondheim (NTNU) med Kåre Jostein Simonsen, og seinare i Frankrike (Paris) med Juan José Mosalini (same læremeister som Per Arne Glorvigen studerte med). Spelar for tida i gruppene: VippeTango og Tangolauget. Har tidlegare spelt i tangokvartett i Paris, i OranguTango og FanTango, samt vore med på mellom anna oppsetjing av Astor Piazzolla sin tangooperette María de Buenos Aires under operavekene i Kristiansund. Har òg spelt i bandoneónkvartett i Trondheim Symfoniorkester saman med Åsbjørg Ryeng, Valeria Lillebjerka og Andreas Rokseth (i tillegg til at heile Tangueros del Norte seinare òg har spelt med Trondheim Symfoniorkester). Har dessutan dei seinare åra sett tango-tone i tradisjonell stil (40-50-talsstil) til mellom anna ein del dikt av Ivar Aasen i høve språkåret, i tillegg til ein del andre komposisjonar i tradisjonell tangostil. Eg var med å starte Tangofestivalen i Volda og er festivalsjef der.

Åsbjørg Ryeng: Bandoneonist med utspring i Tangueros del Norte. Byrja med Kåre Jostein Simonsen som lærar. Går siste året på Norges Musikkhøgskole (NMH) med Per Arne Glorvigen som lærar. Ho spelar mellom anna i tangogruppa Los Osos Polares, og har hatt 100% stilling ved Det Norske Teatret under oppsetjingane av musikalen Evita.

Rannveig Ryeng: Fiolinist med utspring i Tangueros del Norte. Spelar i tangogruppene Los Osos Polares og Tango Ensillado.

Håkon Magnar Skogstad: Pianist med utspring i Tangueros del Norte. Spelar i tangogruppene Los Osos Polares og Tango Ensillado.

Ole Schøyen Sjölin: Kontrabassist med utspring i Tangueros del Norte. Spelar i Los Osos Polares og Tango Ensillado i tillegg til Trondheim Symfoniorkester og Trondheimssolistene.

Ingrid Nyhus: Songar. Syng i Los Osos Polares.

Frode Dyrli Angelsen: Gitarist. Spelar i Cholo Tangotrio.

Steinar Haugerud: Kontrabassist. Spelar mellom anna i Tango for 3.

Sverre Indris Joner: Pianist og komponist. Musikalsk kameleon. Spelar mellom anna i Tango for 3 og Electrocutango, og er ein virtuos innan både tango og cubansk musikk. (Innan cubansk musikk er det Hovedøen Social Club som er gruppa hans).

Atle Sponberg: Fiolinist. Tidlegare medlem i Tango for 3. Kunne sikkert nemnt fleire òg, men her har de i alle høve ein del av dei Norske tangomusikarane og gruppene som spelar i dag.

 

Grupper

Nokre tangogrupper som er aktive no om dagen:

Tango Ensillado: Tangokvintett (Piazzolla-kvintett) (Trondheim/Oslo)

VippeTango: Tangokvartett med songar, spelar for det meste tradisjonell dansbar tango (Trondheim/Oslo/Volda/Fåberg)

Tangolauget: Tangotrio med songar (Volda)

Los Osos Polares: Tangokvartett med songar (Trondheim/(Oslo).

Cholo Tangotrio (Trondheim): Spelar ofte arrangement av Rodolfo \»Cholo\» Montironi, derav namnet. Mange av desse arrangementa er spesialtinga av trioen (som utan bass òg spelar som duo).

Quinteto Nidaros (Trondheim): Piazzolla-kvintett.